Sola Flyklubb


Finn en feil!

DSC_0892 DSC_0893

Det er smart å bruke tauestag når du flytter flyene ut og inn av hangaren, til fuel anlegget og så videre. Men det er viktig å bruke det riktig. Husk også å dobbeltsjekke at du har fjernet tauestaget før oppstart. For ordens skyld, det er IKKE riktig å sette tauestaget på hjulakslingen. (Dette kan skade låsesplinten på hjulmutteren, med risiko for uheldige følger).


Vi er i mål!!!!!

Fredag i sist veke åpna Daniel portane i hangaren for fysste gong etter at vi støypte ned bunnskinnane på torsdag. Det markerer på ein måte at vi er i mål med byggingen av hangaren . Sjølv om det står litt småting igjen med portane, låsar og litt div, så er hangaren nå i full bruk.

Som prosjektansvarleg og dugnadsorganisator har eg lyst og behov for å komma med nokre betraktningar og fakta. Og la det vera sagt med ein gong. Dugnadsånda i Sola Flyklubb var ikkje død! Det har dykk jammen bevist! Det er lagt ned mellom 1500 og 2000 dugnadstimar i prosjektet. I tilleg så har medlemmer betalt inn ca 60.000,- som dugnad og som står på konto. Det har vore lett og givande å ha vore ein del av ein ikkje alfor stor, men samtidig svært trufast dugnadsgjeng. Dykk har levert varene og bidratt til at me kan levera eit hangarprosjekt me kan vera stolte av. Og ikkje bare det. Vi hadde ein total kostnad på prosjketet på 3.044.000,- Sluttsummen ser ut til å komma på ca 2.900.000,- Altså under budsjett og det sjøl om vi fekk ein sur rekning frå Sola kommune på ca 130.000,- vi ikkje hadde rekna med og slett ikkje fortente. Slik premierer kommunen det frivillige arbeidet i Sola flyklubb!!

Underteikna er sikker på at historia vil visa at det var rett å bygga hangar. Sola Flyklubb har befesta sin posisjon på P 13. Vi har bevist at det er ein klubb som vil noko og der dei fleste kan stå saman og skapa utvikling for framtida. Framtida blir ikkje skapt av pessimistar, den blir til av slike som dykk som hadde tru på prosjektet. Klart er det et stort økonomisk løft for klubben, men underteikna har ennå ikkje vore med på noko prosjekt, byggd for utvikling og aktivitet, som ikkje har hatt livets rett. Det ligg muligheter i ein hangar. Og vi har i tillegg til hangaren, fått eit ekstra rom i «glasshuset» som også kan gi inntekter.

På slutten av byggeprosjektet døde Ola på tragisk vis som me alle kjenner til. Han levde og ånda for flyging og var ein trufast støttespelar for hangarprosjektet vårt. Han kom med gode innspel og var ein utruleg inntressant person å vera saman med, kunnskapsrik som han var. Det er vemodigt å tenka på at han ikkje fekk oppleva å sjå hangaren ferdig.

Avslutningsvis vil eg sei tuuuuusen takk til ein fantastisk fin og trufast dugnadsgjeng og takk ellers til alle som på ein eller annan måte har bidratt til å dra dette i land.

Mvh Arild Flesjå