Sola Flyklubb

Ferdigstillelse av Glashjørna

Tida går og det er snart et halvt år sidan hangaren litt etter litt blei tatt i bruk. Vi hadde for 3 – 4 veker sidan føling av dei fysste hausstormane for året. Og det var “deiligt” å høyra på været og sleppa å tenka på at flya stod å dansa i vinden på P 13. Vi må endå ein gong senda ein stor takk til dykk som ville dette prosjektet og som gjennom dugnad, stor eller liten, sette viljen ut i praktisk handling.glasshj.jpg
Nå er det slik at ved å bygga hangar fekk vi noko “på kjøpet”, nemleg eit rom i det nordvestra hjørna som vi har kalla for Glashjørna. Dette rommet skal vi nå gjer ferdig slik at vi kan leiga det ut. Leigetakar er allerede i boks. Nå håpar underteikna at vi igjen kan samlast til dugnadsinnsats for klubben vår. Planen er å starta opp i løpet av veke 44, i begynnelsen av november. Under bygginga av hangaren var det fleire som ikkje fekk delta som nå får sjansen med arbeidet på Glashjørna.
Eg trur vi gjer det slik at dersom du har mulighet å bidra, så sender du meg ein mail om ka tid det vil passa for deg. Så skal eg gjer mitt beste og organisera dugnaden slik at vi får god utnyttelse av innsatsen dykkar.
Mailadressa mi er fortsatt aflesj (krøll) online.no og tlf 93488918
Mvh Arild

Det er stengt for kommentarer.